torsdag 16. oktober 2008

Ny blogg

Høhøø :)

Besøk; blueishblack.blogspot.com

lørdag 30. august 2008

Fordi eg kjedar meg...

... legg eg ut bittelitt bilete frå Slottsfjell.

Joakim


Simo


Sjakalen


Hellraizer & Killmaster


Omen

lørdag 23. august 2008

Nytt utsjånand på bloggen

Likar du det? Burde eg endre det på nytt? Eg veit ikkje heilt om eg blei fornøgd eller ikkje. Det er greit og ha det så enkelt, men det blir på ein måte litt kjedelig.. Eg veit ikkje heilt kva som må til for å få ein god 'look' på bloggen, så eg tek gjerne imot tips :D

OL og skulestart



I dag er siste dag av OL og eg slenger med ein liten norsk medaljeliste. ^^

Gull:
- Roing, Olaf Tufte
- Handball, kvinner
- Spydkast, Andreas Thorkildsen

Sylv:
- Symjing 100m bryst, Alexander Dale Oen
- Taekwondo, Nina Solheim
- Skyting, Tore Brovold
- Kano, Eirik Veraas Larsen
- Kappgang 20km, Kjersti Tysse

Bronse:
- Symjing 200m bryst, Sara Nordenstam
- Sprang, Stein Endresen, Morten Djupvik, Geir Gulliksen og Tony André Hansen




Over til noko heilt anna - skule. Eg har allerede vore på skulen sidan førre onsdag (og me byrja allerede då med studieteknikk og heil dag!). Om du ikkje er klar over det frå før av, så byrja eg i andre klasse media i Seljord.

Dagens spørsmål:
1. Har du følgt med på OL?
2. Har du byrja på skulen igjen? I kva slags klasse og kva for skule?


Heilt til slutt slenger eg med eit bilete av gullvinnaren Andreas Thorkildsen :D

mandag 4. august 2008

Ai, ai, ai

Huff, no har eg hatt ein lang pause igjen. Eg klarar berre ikkje å skrive mange gonger når det ikkje skjer noko spesielt. Iallefall ikkje når eg ikkje får så mange tilbakemeldingar. Men kan prøve meg på ein liten oppdatering no, då. :)

1) Eg og Mats har vore på Slottsfjellfestivalen! Me såg blant anna Kaizers Orchestra, Kent, Howl, Dum Dum Boys, Gogol Bordello og Loop Troop Rockers (det siste skreiv eg for å erte Jan Thomas ;D). Helsa på tanter, onklar, søskenbarn og bestemødre av Mats. Var så koselig atte :)

2) Eg, Atle og Jan Thomas var på Odd - NFK-kamp. Spanande kamp, men litt kjedelig resultat. 1 - 1. Eg hadde gjort mykje for at Odd hadde vunne slik at eg kunne håna Atle heile vegen heim. x)

3)Eg, Mona og Mats har vore i Bø Sommarland. Var så koselig atte. :D Lenge sidan eg har vore der, og eg tok faktisk meir enn eg trudde eg turte 8D Half Pipen hadde eg ikkje tatt for alt i verda, då xD Mona klarte å tvinge Mats med, han angra etterpå xD

4) Mats har flytta til Trondheim! Han og stefaren hans køyrde i 12 (!) timar i natt! Slitsomt.. Han har heldigvis fått internett, då. Han skal skaffe seg webkamera og begge to skal skaffe seg Skype, så blir det iallefall litt billegare å halde kontakten :)

5) Mats strøyk på oppkjøringa han hadde den 31. juli. :( Alt gjekk eigentleg heilt bra, fram til den siste halvtimen då han ikkje passa godt nok på blindsona si og strøyk pga 'uoppmerksomhet'. Litt tullete, men det er vel slik det må vere... Men som han seier, det var ikkje sååå farlig, for han har jo ikkje bil endå uansett. Og då passar han ekstra på neste gong ;) Så jepp, eg trur han klarar det heilt nydelig neste gong! :D

6) Marie Jølle hadde bursdag den 30. juli og fyllte 17 år! :D Gratulerer med dagen på etterskudd! :)

torsdag 10. juli 2008

Bruce Springsteen and the E Street Band!

På tirsdag var eg på Bruce Springsteen and the E Street Band-konsert. Mandagens konsert fekk sekserar i alle avisene, så forventningane var store. Konserten var betre enn eg hadde venta! Bruce er ein genial entertainer. 'nuff said!

I dag skal eg til Haukeli og møte Christian frå gamleklassa. Kan hende me får tak i ein del andre frå gamleklassa óg, så me får sjå kva som skjer. Eg gledar meg iallefall. :)

søndag 6. juli 2008

Ein liten oppdatering

Mats var hos meg i helga. Herlige helg. <3 Mats, you make my day!

Ellers; eg skal til Oslo i morgo med mamma og Mona. Me skal på Bruce Springsteen-konserten på tirsdagen. Eg gledar meg.

onsdag 2. juli 2008

Sol!

Jaa, endelig er sommarsola her! Det var på tide, synast eg. ^^

Eg har eigentleg ikkje gjort så masse i dag, då. Har lese ein del av Jo Nesbøs nyaste bok, Hodejegerne. Likar den, men eg skal innrømme at eg ikkje klarar å bli like glad i Roger Brown som Harry Hole. Harry har meir sjarm. Kanskje litt sær sjarm, men han er 'søtare' enn Roger. ^^

Eg har komme litt langt, då? Til å berre vere ein halv dags lesing, liksom. Kanskje ikkje det eingong.


Tok bittelitt bilete også. Av blomane til mamma, faktisk. Er så artig med makro, sjølv om ein liksom har sett alt 'før'. :p


Vå er eigentleg ein veldig idyllisk plass, så lenge sola er tilstade.


Forresten, når me først ser bilen; eg var å køyrde for min andre gong i går! Eg gruar meg alltid så ende før eg skal til, men det gjekk greit denne gongen også. Haldt meg på ein veg som for det meste gjeng rett fram og utan andre bilar, men eg kræsja iallefall ikkje. ^^

Kos deg i sommarsola! :D